Dunce – Maskiner som kverulerer SIGNERT
250 signerte bøker – 50 tilfeldige får òg teikning!
Hos Jens K, sonen Gustav og hunden Brego er teknologi ei stadig kjelde til både entusiasme og frustrasjon.
I Maskiner som kverulerer får AI-roboten deira installert ein modul for menneskelege kjensler og kommunikasjon – og blir heilt umogleg å skjøna seg på.
Les meir om boka
Ikkje berre meistrar roboten ironi, han gjev også Brego konkurranse om tittelen «menneskets beste ven».
Teikneserien Dunce er eineståande innan norske striper. Livet til Jens K, Gustav og Brego vekslar mellom kvardagslege flokar og djupe, eksistensielle kriser.
Det heile er teikna og fortalt så morosamt, levande og sårt at ein knapt kan leggja boka frå seg.
Med forord av Inga Strümke – bestseljande forfattar og AI-forskar.
399 kr
På lager
| Serieskaper | |
|---|---|
| Format | |
| Forlag | |
| Språk | Nynorsk |
| Utgivelsesår |
Du liker kanskje også…
-
Dunce – Lut og kaldt vatn
299 krI denne boka flyttar JensK og kollegaene inn i eit hipt coworking-space, der ingen får noko gjort – men likevel utviklar dei ein app for det. Haustdepresjonen slepp taket då straumen forsvinn, og den nyinnflytta hunden Brego hjelper Gustav med ei skuleoppgåve om fuglar, fordi han er ein fuglehund.
-
Dunce – Nedetid
299 krI denne tredje Dunce-boka spissar det seg verkeleg til! Tinnitus, skrivesperre og lysskye hemmeligheter nede på Morderbrygga Godsterminal.
Jens K rotar med innlogginga og havnar bakerst i vaksinekøa, noko som fører til eit sjebnesvangert sjakkparti med Døden sjølv. Sonen Gustav prøver absolutt alt for å bli kvitt eit kronestykke, han får følge av den trufaste hunden sin heilt til toppen av Mount Doom. Hunden, Brego, har dessutan sine eigne problemer, etter ei veke med «skammens krage» forsvinn kjærasten saman med ein cavalier.
-
Dunce – Impulskontroll
149 krTeikneserien Dunce er eineståande innan norske striper, på kort tid har den raska med seg både Sproingprisen, Pondusprisen og Dagbladet sin teikneseriepris. I tillegg har Dunce-bøkene blitt utgjevne og lovprisa i både Frankrike og Sør-Amerika.
Impulskontroll er den fjerde Dunce-boka, også denne er fylt til randen av enkeltstriper, stripesekvensar og lengre seriar.
Styve er i storform, både som teiknar og historieforteljar, bli med på ein biltur gjennom Noreg (med NAF Veibok fra 1989), Brego sine forsøk på å gå i vinterdvale, og den gripande sekvensen der Gustav eigenhendig tek ansvar for å redde regnskogen.
«Det gjev håp for heile bransjen at striper let seg fornye på denne måten som Styve har lukkast med.»
– Trond Sætre, Serienett
Les meir om boka
Dunce vekslar mellom kvardagslege floker og djupe, eksistensielle kriser. Det heile er teikna og fortalt så morosamt, og så sårt, at ein knapt kan legge boka frå seg.
Skaparen bak Dunce er Jens K Styve, ein vestlending som etter kvart har blitt både austlending og nordlending. Stripa hans går dagleg i Klassekampen, og i ein heil del andre aviser og hefter.
«Dunce Impulskontroll kommer kjapt til å stå igjen som høstens mest originale, gjennomførte og innholdsrike stripesamling»
— Øyvind Holen, Dagens Næringsliv
299 kr











