Dunce av Jens K. Styve

Teikneserien Dunce er eineståande innan norske striper. Livet til Jens K, sonen Gustav og hunden Brego vekslar mellom kvardagslege flokar og djupe, eksistensielle kriser.

Viser alle 4 treff

  • Dunce – Maskiner som kverulerer SIGNERT

    250 signerte bøker – 50 tilfeldige får òg teikning!

    Hos Jens K, sonen Gustav og hunden Brego er teknologi ei stadig kjelde til både entusiasme og frustrasjon. I Maskiner som kverulerer får AI-roboten deira installert ein modul for menneskelege kjensler og kommunikasjon og blir heilt umogleg å skjøna seg på. Ikkje berre meistrar roboten ironi, han gjev også Brego konkurranse om tittelen «menneskets beste ven».

    Teikneserien Dunce er eineståande innan norske striper. Livet til Jens K, sonen Gustav og hunden Brego vekslar mellom kvardagslege flokar og djupe, eksistensielle kriser. Det heile er teikna og fortalt så morosamt, levande og sårt at ein knapt kan legge boka frå seg.

    Med forord av Inga Strümke – bestseljande forfattar og AI-forskar.

    399 kr

    På lager

  • Dunce – Impulskontroll

    Teikneserien Dunce er eineståande innan norske striper, på kort tid har den raska med seg både Sproingprisen, Pondusprisen og Dagbladet sin teikneseriepris. I tillegg har Dunce-bøkene blitt utgjevne og lovprisa i både Frankrike og Sør-Amerika.

    Impulskontroll er den fjerde Dunce-boka, også denne er fylt til randen av enkeltstriper, stripesekvensar og lengre seriar.

    Styve er i storform, både som teiknar og historieforteljar, bli med på ein biltur gjennom Noreg (med NAF Veibok fra 1989), Brego sine forsøk på å gå i vinterdvale, og den gripande sekvensen der Gustav eigenhendig tek ansvar for å redde regnskogen.

    «Det gjev håp for heile bransjen at striper let seg fornye på denne måten som Styve har lukkast med.»

    – Trond Sætre, Serienett

    Les meir om boka

    Dunce vekslar mellom kvardagslege floker og djupe, eksistensielle kriser. Det heile er teikna og fortalt så morosamt, og så sårt, at ein knapt kan legge boka frå seg.

    Skaparen bak Dunce er Jens K Styve, ein vestlending som etter kvart har blitt både austlending og nordlending. Stripa hans går dagleg i Klassekampen, og i ein heil del andre aviser og hefter.

    «Dunce Impulskontroll kommer kjapt til å stå igjen som høstens mest originale, gjennomførte og innholdsrike stripesamling»

    Øyvind Holen, Dagens Næringsliv

    149 kr299 kr

    På lager

  • Dunce – Nedetid

    I denne tredje Dunce-boka spissar det seg verkeleg til! Tinnitus, skrivesperre og lysskye hemmeligheter nede på Morderbrygga Godsterminal.

    Jens K rotar med innlogginga og havnar bakerst i vaksinekøa, noko som fører til eit sjebnesvangert sjakkparti med Døden sjølv. Sonen Gustav prøver absolutt alt for å bli kvitt eit kronestykke, han får følge av den trufaste hunden sin heilt til toppen av Mount Doom.

    Hunden, Brego, har dessutan sine eigne problemer, etter ei veke med «skammens krage» forsvinn kjærasten saman med ein cavalier.

    Serien Dunce vekslar mellom kvardagslege floker og djupe, eksistensielle kriser. Det heile er teikna og fortalt så morosamt, og så sårt, at ein knapt kan legge boka frå seg.

    Les meir om boka

    Skaparen bak Dunce er Jens K Styve, ein vestlending som har blitt både austlending og nordlending. Stripa hans går dagleg i Klassekampen, og i ein heil del andre aviser.

    Den vann Dagbladet sin teikneseriekonkurranse i 2016, Pondus-prisen i 2018 og Sproing-prisen i 2020.

    I 2021 ble Dunce lansert i Frankrike, der teikneserien fekk ei overveldande mottaking av franske kritikarar.

    299 kr

    Kun 5 på lager

  • Dunce – Lut og kaldt vatn

    I denne boka flyttar JensK og kollegene inn i eit hipt «coworkingspace» der ingen får noko gjort, men utviklar ein app for det.

    Haustdepresjonen går over då straumen vert borte, og den nyinnflytta hunden Brego hjelper Gustav med ei skuleoppgåve om fuglar, fordi han er ein fuglehund.

    299 kr

    På lager