Lars & Gunn – Arven etter Harriet Hårmagre

Signert utgave

Då kua Gunn er ute og tittar på fuglar, ser ho ei fjørkledd krasjlanding. Det er fiskemåka Lars frå Oslo vest.

Saman må dei to nye venene leite etter eit verdifullt smykke Gunn mista då ho var lita kalv – eit halsband som hadde tilhøyrt vikingprinsessa Harriet Hårmagre. Men Lars og Gunn hamnar i ein tidstunnel og endar opp … i vikingtida! Kan dei finne halsbandet der?

Dei verkelege problema startar når vikingane forvekslar Gunn med vikingprinsessa, som nett den dagen skal giftast bort til den heslege vikingkongen Sverre Stabeis. For å komme seg unna bryllaupet og heim igjen, treng dei litt kløkt … og mykje flaks(ing).

Lars og Gunn er ein morosam teikneserie for menneske.

 

Les utdrag fra boka under

299 kr

Forhåndssalg - slippes 22. oktober

Varenummer: 9788284422626
Kategorier:, ,
Serieskaper

Forlag

Antall sider

72

Signert

Språk

Nynorsk

Utgivelsesår