Dunce – Maskiner som kverulerer SIGNERT

250 signerte bøker – 50 tilfeldige får òg teikning!
AI på glattisen

Hos Jens K, sonen Gustav og hunden Brego er teknologi ei stadig kjelde til både entusiasme og frustrasjon. I Maskiner som kverulerer får AI-roboten deira installert ein modul for menneskelege kjensler og kommunikasjon og blir heilt umogleg å skjøna seg på. Ikkje berre meistrar roboten ironi, han gjev også Brego konkurranse om tittelen «menneskets beste ven».

Med forord av Inga Strümke – bestseljande forfattar og AI-forskar.

399 kr

Forhåndsbestilling - leveres innen 25. oktober

Vipps

Teikneserien Dunce er eineståande innan norske striper. Livet til Jens K, sonen Gustav og hunden Brego vekslar mellom kvardagslege flokar og djupe, eksistensielle kriser. Det heile er teikna og fortalt så morosamt, levande og sårt at ein knapt kan legge boka frå seg.

Bla i boka her:

Jens K Styve er ein vestlending som no er nordlending. Stripa hans går dagleg i Klassekampen og ei rekkje andre aviser. På kort tid har serien raska med seg både Sproingprisen, Pondusprisen og Dagbladet sin teikneseriepris. I tillegg har Dunce-bøkene blitt utgjevne og lovprisa i både Frankrike og Sør-Amerika.

Varenummer: 9788284421391
Kategorier:, ,
Serieskaper

Format

Forlag

Språk

Nynorsk

Utgivelsesår

2024

Du liker kanskje også…