Dunce
-
Dunce – Maskiner som kverulerer SIGNERT
250 signerte bøker – 50 tilfeldige får òg teikning!
AI på glattisen
Hos Jens K, sonen Gustav og hunden Brego er teknologi ei stadig kjelde til både entusiasme og frustrasjon. I Maskiner som kverulerer får AI-roboten deira installert ein modul for menneskelege kjensler og kommunikasjon og blir heilt umogleg å skjøna seg på. Ikkje berre meistrar roboten ironi, han gjev også Brego konkurranse om tittelen «menneskets beste ven».
Med forord av Inga Strümke – bestseljande forfattar og AI-forskar.
-
Dunce – Førstebossen spesial
Nyutgave i hardcover, med masse ekstrastoff og signert spesialtrykk!
Førstebossen Spesial er ei kraftig utvida versjon (i stive permer!) av den aller første Dunce-samlinga, det var altså her det heile starta, vinteren 2017. I tillegg finn du upubliserte striper, illustrasjonar og cover.Teikneserien Dunce er eineståande innan norske striper. På få år har den rukke å samle ein haug med prisar her i landet, mellom anna Sproingprisen, Blixprisen og Pondusprisen. I tillegg har den blitt utgjeve i bådeFrankrike og Sør-Amerika, og fleire språk står for tur.
«Dunce er blitt en favoritt. Ferdig arbeid!»
– Frode Øverli«Ingen norske stripeserier kommer nærmere kvaliteten på Pondus enn Dunce.»
– Empirix.no -
Dunce – Impulskontroll
Teikneserien Dunce er eineståande innan norske striper, på kort tid har den raska med seg både Sproingprisen, Pondusprisen og Dagbladet sin teikneseriepris. I tillegg har Dunce-bøkene blitt utgjevne og lovprisa i både Frankrike og Sør-Amerika.
«Dunce Impulskontroll kommer kjapt til å stå igjen som høstens mest originale, gjennomførte og innholdsrike stripesamling.»
– Øyvind Holen | Dagens Næringsliv -
Dunce – Nedetid
I denne tredje Dunce-boka spissar det seg verkeleg til! Tinnitus, skrivesperre og lysskye hemmeligheter nede på Morderbrygga Godsterminal.
Jens K rotar med innlogginga og havnar bakerst i vaksinekøa, noko som fører til eit sjebnesvangert sjakkparti med Døden sjølv. Sonen Gustav prøver absolutt alt for å bli kvitt eit kronestykke, han får følge av den trufaste hunden sin heilt til toppen av Mount Doom. Hunden, Brego, har dessutan sine eigne problemer, etter ei veke med «skammens krage» forsvinn kjærasten saman med ein cavalier.
-
Dunce – Apokalypse snart
Serien Dunce vekslar mellom triviell kvardag og eksistensielle kriser. Alt teikna morosamt og sårt, slik at ein berre må lesa meir. I denne boka blir hunden Brego forelska, JensK mister ein viktig kunde og bestemmer seg for å emigrere ut i villmarka. Heldigvis kjem han tilbake akkurat tidsnok til å sjå heile verda lukke ned på grunn av ein global pandemi.
Jens K. Styve som opphavleg er frå Hjelmås i Nordhordland, men no bur i Tromsø, har gjort stor suksess med stripeserien Dunce. Serien går kvar dag i Klassekampen, pluss mange andre aviser, og rettighetene er solgt til teikneserienasjonen Frankrike! Den har vunne, Dagbladet sin teikneseriekonkurranse i 2016 og Pondus-prisen i 2018.
-
Dunce – Lut og kaldt vatn
I denne boka flyttar JensK og kollegene inn i eit hipt «coworkingspace» der ingen får noko gjort, men utviklar ein app for det. Haustdepresjonen går over då straumen vert borte, og den nyinnflytta hunden Brego hjelper Gustav med ei skuleoppgåve om fuglar, fordi han er ein fuglehund.